Ine Hoem

Tour Availability  Dates on request
Booking Roger Urhaug (+47) 916 67 587 (e-post)
Far og dotter Hoem har opplevd stor suksess på hvert sitt felt. Edvard Hoem har gleda leserar over heile Noreg gjennom flere generasjonar, blant anna med romanane om forfedra hans som utvandra til Amerika, og Ine Hoem har gjort stor suksess med si smakfulle visepop med songar som «Jeg vil aldri hjem» og «Vi trenger ikke hage vi».

Albumet «Alt vi har kjært» er Ine Hoems melodiar og nyskrevne tekstar av Edvard Hoem. Man finn også salmar som «Den Fattige Gud» av Henning Sommerro og «No stig vår song» av Håkon Berge.

«Trøst i koronaens tid – Ine Hoem blir bare bedre og bedre» Erik Valebrokk  6/6

Høsten 2021 var Ine Hoem og Edvard Hoem på sin første turné saman i forbindelse med releasen. Det musikalske samarbeidet mellom far og dotter Hoem, tok til for meir enn femten år sidan, men ble fyrst offentleg kjent med den vakre gjendiktninga og versjonen av «Å, signa natt», høsten 2020, som blant anna ble framført på NRK Lindmo i desember 2020.

«Det kanskje viktigste kompliment jeg kan gi far og datter Hoem her, er likevel at de visker ut grenser mellom kjønn og menneskelig alder og bakgrunn, mellom før og nå, mellom lyrikk og musikk» Plateanmeldelse Olav Solvang / Vårt Land

«Alt vi har kjært er skriven i ei tid med uro og uvisse. Det slo meg at ein ikkje burde skrive om dét, men i staden om dei store og små samanhengar som rammar inn menneskelivet, og som er der, same kor kaotisk og usikker tida ser ut til å vera. Vi står mellom framtidshåp og fortida med sine minne, vi lever i årstidene og døgn-tidene, i kvardagen og i kosmos. Og alt dette skal inn i nokre få verselinjer, som også skal uttrykke livsfryd og glede over alt det fantastiske som livet trass at har å by på» Edvard Hoem.

I samarbeid med produsent Markus Lillehaug Johnsen og nokre fantastiske improviserande musikarar, har Ine skapt et unikt univers i møte mellom visepop, jazz og salmar, og Edvard sine tekstar.

Dette blir ei konsertoppleving av dei sjeldne, der Ine syng Edvards tekstar og sine egne mest kjente songar, mens Edvard Hoem les frå sin siste roman Felemakaren og sine andre utvandrarromanar. Dette samspillet mellom far og dotter bør opplevast; humor, alvor, musikk og tekst går opp i ein høgare enhet.

Bu deg på sterke tekstar og vakre melodiar!

Edvard Hoem – forteller
Ine Hoem – vokal
Markus Lillehaug Johnsen – gitar
Andreas Ulvo – pian
Jo Berger Myhre – bass
Pål Hausken – trommer

Menu